Bilde av druer på Hebnes vingard

Vingarden på Hebnes

AKTIVITETAR PÅ VINGARDEN


Hebnes vingard og Midtsommar vin blir drive av Arild Hebnes og Toyni Tobekk. Me dyrker vindruer på Hebnes i Suldal kommune og produserer vår eigen vin. Om sommaren kan du delta på vinsmaking og omvisning hos oss.

Gardsbutikk
Gardsbutikken er open for gjester når dei er på vinsmaking. Utanom det er gardsbutikken open etter avtale (berre ring 95969809, så finn me ut av det).

Om Hebnes vingard

Me starta Hebnes vingard i 2020 og har nå 6000 vinstokkar fordelt på sortane Solaris, Rondo, Leon Millot, Bolero, Regent, Norse Odin, Idunn, Tor, Rosling, Riesling og Spätburgunder. Me sysselset 1,5 årsverk og produserer kvitvin, oransjevin, raudvin og raudvin av haskap.

Me er ein av mange skattar i Skattkammeret Suldal. På VisitSuldal finn du alle skattane.